Back to All Events

Spring for Lyngmo

Spring for lyngmo6. juni 16_30.jpg

Onsdag 6. juni vert det arrangert «Spring for Lyngmo» for andre gang. Første gang var for to år sidan i samband med opninga av nybygget. Det vart ein stor suksess og me inviterer difor til nytt løp no i juni!

Denne dagen håpar me å sjå alle aldersgrupper og personar med ulikt kondisjonsnivå bidra for Lyngmo! Du kan delta ved å gå eller springe, du kan sponse nokon og du kan bidra til god stemning på arrangementet. Alle som kjem får gratis grillmat i forkant av løpet. Undervegs vert det liv og røre med ein aktiv speaker og spreke deltakarar! Etter løpet vert det premiering blant anna for flest rundar, flest sponsorar og raskaste opningsrunde!

Program

Servering av grillmat: 16.30 – 17.30
Spring for Lyngmo: 17.30 – 18.30
Avslutningsamling: 18.45 – 19.20

Til deg som vil delta:

Du kan delta ved å skaffe deg sponsorar (familie, venner og bekjente) som betalar deg pr runde(400 meter) du klarer å springe i løpet av 60 minutt. Alternativt kan dei sponse med eit eingongsbeløp. Sponsorbeløpa vert samla inn som ei gåve til Lyngmo. Last ned sponsorskjemaet nedst på sida.

Etter løpet gjer du beskjed til dei som har sponsa deg om kor mange rundar du har sprunge slik at dei kan betale sponsinga til Lyngmo.

Til deg som vil sponse:

Vær på tilbodssida dersom du høyrer nokon som skal springe eller gå og tilby dei sponsing!

Velkommen til «Spring for Lyngmo».

Trykk her for å laste ned sponsorskjema.

 

 

 

 

Earlier Event: April 20
Regionsårsmøte NLM Region Vest
Later Event: June 8
Sommarleirar på Lyngmo