Bibelsommar i Vest - 30. juni - 7. juli 2019

OBS! Påmelding Med loddtrekning frå 28. januar - 1. februar 2019

OBS2! Fristen for 2019 er ute. Det er framleis ledig på campingplassen. Det er også mogleg å finne alternativ overnatting i nærområdet. Sjå meir informasjon om det lenger nede! Bruk påmeldingsskjemaet og meld dykk på dersom de ønsker plass på campingplassen eller de har valt alternativ overnatting!


TIDSPUNKT

Bibelsommar i Vest 30. juni - 7. juli 2019

 

Klikk på pilene for å sjå fleire bileter frå Bibelcamping på Lyngmo. 


Informasjon

INFORMASJONSSKRIV 2018 TRYKK HER (2019 vert lagt ut seinare)


Talarar på Bibelsommar i Vest 2019

Bibelsommer i Vest 2019

Me er heldige og har fått med dyktige talarar på Bibelsommar.

Bibeltimer:

Leif Nummela (mandag 1. – torsdag 4.) Teolog, bibellærer og redaktør fra Finland.

Jan Bygstad (fredag 5. – lørdag 6.). Prest i DELK Bergen.

Øyvind Samnøy (søndag 7.) Forkynner i NLM Region Vest

Kveldsmøter:

Asbjørn Handeland (mandag 1. – lørdag 6.) Forkynner i NLM region Sør-vest.

Øyvind Samnøy (søndag 30.) Forkynner i NLM Region Vest

Seminar: Det vert seminar fleire ettermiddagar. Programoversikt for seminar vert klar seinare.


LEiarar på Bibelsommar i Vest 2019

 

Hovudleiar: Endre Stene

Andre leiarar:

  • Endre Hilleren (Barne- og ungdomsarbeidar på Lyngmo),

  • Øyvind Samnøy (Forkynner i NLM region Vest)


PRISAR

Ulike typar overnatting på Lyngmo

* Rom m/ bad: Det er rom av ulik størrelse og med ulikt antall senger. Det er lagt ut dyner og puter på alle rom. Dersom du ønsker å leige sengtøy / handdukar er det fint om du kommenterer dette i bestillinga.

* Hytter: Sjå her for meir informasjon om hyttene

* Campingplass: Denne ligg flott til på området på Lyngmo. Det er mogleg med overnatting i telt, campingbil, campingvogn etc.

Sjå prisar for 2019 her


Det er fleire alternative overnattingsstader på Hafslo.

Dersom nokon har lyst til å delta på Bibelsommar i Vest og skaffar seg alternativ overnatting ber me om at de likevel melder dykk på, slik at me har oversikt over kor mange som kjem til å delta på arrangementet.

Nokre forslag på Hafslo:

*Tang hytter - post@tang-hyttegrend.no – 95 23 08 31 – www.tang-hyttegrend.no

*Beim Gard - berit-sohoel@hotmail.com – 92 21 47 13 - http://www.beim-gard.no/

*Kvamshaugen – dvergeda@online.no – 57 68 41 57 - http://www.kvamshaugen.no/

*Hafslo Gjestehus - hafslogjestehus@gmail.com – 46 69 05 55 - http://hafslogjestehus.no/

*Hafslo Hytteutleige – post@hafslohytteutleige.com – 92 69 54 02 - http://www.hafslohytteutleige.com/

*Gløtten hytter – post@glottenhytter.no – 40 41 16 70 – www.glottenhytter.no

*Eikum hotel – post@eikum.no – 57 68 06 00 – www.eikum.no

Alternative overnattings-stader


BROSJYRE / DAGSPROGRAM


Dagens anbefalte turmål


Kort om Bibelsommar i Vest

 

 

 

Sommaren 2006 vart det starta opp bibelcamping på Lyngmo. Bibelcampingen er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Luthersk Misjonssamband (Region Vest) og Lyngmo. Bibelcampingen legg fokus på grundig bibelforkynning for dei vaksne og eigne bibelsamlingar for borna. I tillegg til at det skal væra gode møter for born og vaksne vert det organisert mange kjekke aktivitetar for store og små. Det er eigne aktivitetsleiarar som tek seg av dette. Me prøver å ha fokus på alle aldersgrupper, slik at alle skal kjenne seg heime på Lyngmo! Dei tilsette på kjøkkenet på Lyngmo ønskjer å legge til rette for god trivsel. Difor legg dei opp til ein variert og god meny gjennom heile arrangementet.

Ulike samlingar og treffpunkt gjennom dagen skal leggje forholda til rette for at alle skal ha aktivitetar å væra med på gjennom dagen. På Bibelsommar i Vest ønskjer me at alle deltakarane skal kjenna at dei er ein del av eit fellesskap.

Det er ulikt kor lenge dei ulike deltakarane er med på Bibelcampingen. Nokre melder seg på heile perioden, medan andre kun får det til å passe å væra med ei helg. Alle er uansett like mykje velkomne!

*Dersom du veit om nokon du kan bu saman med er det flott om de kan melde dykk på saman og bu saman på eitt rom.


PÅMELDING

Me er klare til å ta i mot påmeldingar til bibelcampinga for 2019 frå måndag 28. januar (OBS! Frist fredag 1. februar kl 12.00).
Du kan velje mellom å
(1) bruke påmeldingsskjemaet under
(2) sende e-post til lyngmo@lyngmoinfo.com
(3) ring på telefon 57 68 43 66. Dersom det vert fullt fram til fredag 1. februar kl. 12.00 vert det loddtrekning mellom dei som har meldt seg på. Loddtrekninga er planlagt gjennomført innan fredag 8. februar. Dei som får tildelt plass kan melde seg av gratis fram til 1. mars. Sjå prislista for meir informasjon om avmeldingsgebyr.
*Komiteen for Bibelsommar i Vest har vurdert andre alternativ enn loddtrekning dersom det vert fullt. Det er ikkje funne betre måtar å gjere dette på som er meir rettferdig og som samstundes er enkelt å gjennomføre praktisk.

**Me oppmodar dei som ikkje får plass til å skaffe seg alternativ overnatting i området rundt Lyngmo. Men, vær snill og meld deg på til Lyngmo slik at me har oversikt over kor mange me kan vente denne veka!

Dersom du nyttar påmeldingsskjemaet vil du få ei stadfesting på at det er sendt inn på skjermen. I løpet av nokre dagar vil du få ei stadfesting på e-post om du har fått plass.