Her vil det verta lagt ut informasjon om utbyggingsplanane på Lyngmo.
Oppdateringar kjem øvst. Generell informasjon om prosjektet kjem lenger nede.

23. mai 2016

Ikkje lenge igjen no. Me ser fram til snart å kunne ta nybygget i bruk!

 

 

Om nybygget

Dette vert ei storsatsing på 15 millionar kroner og nybygget skal leverast av Vestlandshus Sogn AS. Arbeidet med planane starta vinteren 2011. Etter dette har det blitt jobba i ulike organ fram til styret no kunne gjera vedtaket om å byggje ut. Styret for Lyngmo gler seg over at nybygget vert ein realitet, då dette er noko som vil auka kvaliteten på leirarbeidet vårt. Me håpar at utbygginga bidreg til at Lyngmo framleis kan vera eit viktig senter for kristent arbeid i Sogn. 

 

Det nye bygget er teikna av Hafslo Byggservice og vil innehalda: 

- 9 soverom med bad
- Aktivitetssal (160 m2 og 3,5 meter takhøgd)
- Kontorlandskap
- Sanitæranlegg til hytter og campingplass
- Bøne- og grupperom
- Tørkerom
- Totalt bruksareal på den nye delen vert mellom 800 og 900 m2.

Byggestart vert 1. september 2015 og bygget skal stå klart til sommaren 2016.

 

Oppdateringar

 

 

Generelt om utbygginga

Det vert jobba med utbyggingsplanar for Lyngmo. Den gamle internatdelen, som står igjen etter oppstarten i 1965 skal rivast og eit nytt bygg skal setjast opp. Det nye internatet skal innehalda 10 soverom med eige bad, aktivitetssal (ca. 164 m2), tørkerom, kontorlandskap og sanitæranlegg til campingplassen og hyttene.

Håpet er å kunne starte bygginga i august 2015 eller august 2016.

 

Skisser

HOVUDETASJE

UNDERETASJE

Kostnad og finansiering

Byggekostnad                                    14,00 mill

(Merk at dette kun er estimat – endeleg pris vert tidlegaste klar vinteren 2015.)

Lån frå næringsfondet (25 %)             3,50 mill

Lån frå bank                                      5,00 mill

Eigenkapital                                       2,00 mill

Gåver                                                3,50 mill

TOTALT                                            14,00 mill

 

Gåver

Ein eigen gåvekomite er godt i gang med å samle inn pengar til nybygget. I løpet av ein liten månad med effektivt arbeid, er det kome inn gåveløfter på totalt 1,1 mill!! Sogningane er fantastisk flinke til å støtte opp om leirstaden sin!

 

Dersom du vert inspirert til å støtte prosjektet kan du sende gåva di til 3000.32.79177.

 

Arkiv oppdateringar:

2. mars 2016

Nybygget har fått på plass dei fleste vindauga. For tida vert det jobba innvendig med inndeling av rom, røyrlegging, elektrisk, ventilasjon.  

15. desember 2015

Siste veka har takstolane kome på plass. I dag vart det lagt svarte takplater. Dermed er denne delen av bygget under tak!



13. november 2015

Utbygginga er komen godt i gang. Jobben starta i august med riving av den gamle internatdelen. Parkeringsplassen vart seinka og det er gravd grøft til nytt inntaksvatn til det nye sprinkleranlegget. Mykje av dette er gjort på dugnad. Me nærmar oss 700 dugnadstimar. Tusen takk til alle som har bidrege!!

I sjølve byggjetomta er det totalentreprenøren, Vestlandshus, som har hovudansvaret. Frå september til i dag (13. nov) har ein jobba med grunnarbeid og betongarbeid. Brødrene Lomheim, Sogn Røyr, Gunnar Karlsen og Holen Installasjon er underleverandørar. 

29. april 2015

Styret for Lyngmo godkjende planane for utbygging i styremøte 28. april 2015.

22. januar 2015:

- I løpet av hausten har det blitt jobba aktivt vidare med planarbeidet for det nye bygget. No er det arkitekt, tekniske konsulentar og entrepenør som jobbar med fullføring av planane. Om nokre veker skal det liggja føre eit foreløpig prisoverslag, noko me ventar på med spenning :)

12. desember 2014

- Det vert jobba med tekniske teikningar og leveransebeskrivelse som vil danne grunnlag for ein totalentreprise! Styret har mål om at dette skal vera klart i løpet av januar / februar.
- Gåveaksjonen til nytt internat er kome opp i 1,6 millionar kroner. Det er fantastisk i løpet av 6 mnd!! Tusen takk til alle som har bidrege!Gåveaksjonen held fram inn i det nye året, men hugs at det framleis er mogleg å få skattefrådrag dersom du vil gje ei gåve i 2014. Ta kontakt med oss på Lyngmo dersom du ønskjer dette!

1. oktober 2014

- styret har fått utarbeida ein grundigare kostnadsanalyse. Denne gjev oss grunnlag til å jobbe vidare med nybygg - prosjektet ut over hausten.
- Arkitekten og brannkonsulenten jobbar no med branndokumentasjon og brannkonseptrapport. 

27. mai 2014

- Teikningar med romløysingar er klare. Vert sendt vidare for utarbeiding av konstruksjonsteikningar.
Gåveaksjonen: Totalt er det kome inn gåver og fast gjevarteneste (summert etter 10 år) på 964.000,-
(Allereie i mai var det gåveløfter på 1.100.000,-. Frå no av kjem me til å referere det som reelt er innkomne)