Familieleir på Lyngmo i palmehelga



spørsmål.png

KVIFOR FAMILIELEIR?

Me trur at familieleir er ein viktig arena for trusopplæring. Me ønskjer å gje borna og dei vaksne felles opplevingar som bind saman familiane og som kan hjelpe familiane til å leva ut eit liv i etterfølging av Jesus!

Det er flott å feire påsken og Jesus sin oppstandelse saman med familien! 


Formidling av påskebodskapen

Barnesamlingar: Barna er viktige for oss! Det er fleire aldersgrupper slik at alle får eit tilpassa opplegg. Me ønsker å nå barn og ungdom frå 0 – 18 år. Det vert bibelhistorie, song, leik, moro og hobbyaktivitetar.

Bibeltimar: Under barnesamlingane får dei vaksne ei eiga samling, der ein går litt meir grundig inn i Bibeltekstane.

Familiesamlingar: Korte møter med borna i fokus. Me skal syngja, lytta til bibelhistorie og samla inn pengar til Barnas Misjonsprosjekt eller eit anna misjonsprosjekt! Søndag vert det sjølvsagt den obligatoriske leirkvelden!

Betweens- og ungdomssamling: Eiga samling om kvelden for 4. klasse og oppover. Sosialt og kort andakt / fellesskap. Ungdommane frå 7. klasse og oppover har si eiga samling.

Kveldssamling: For dei vaksne vert det eiga samling med meir tid til lovsong og fellesskap på kveldane. Me tek oss også tid til samtale og forbønn.

Bønnerommet: Dette er ope under leiren og det vert eigne bønnesamlingar for dei som ønskjer å bli med på det!


Familietid

Me prioriterer mykje tid til at familiane kan gjere aktivitetar saman:

Snø: Det er gode forhold for slalom, aking og langrenn i Sogn skisenter. Dersom det er lite snø på Hafslo kan ein også reise til Sogndal skisenter eller Sognefjellet.

Bading: Ta gjerne turen til Lustrabadet, som er eit flott badeanlegg, ein av dagane!

Nysgjerrig: ViteMeir er vitensenteret i regionen og har fleire spennande aktivitetar. Sjå, prøv og opplev!

Spel og leik saman med borna: Me oppfordrar de som er vaksne til å bruke tid saman med borna på leiren! Bruk gymsalen vår, aktivitetsrommet eller finn fram brettspela og gjer noko kjekt saman!


Brosvik.jpg

God mat

Me satsar alltid på at det skal vera god mat på leirane på Lyngmo.

Menyen er sjølvsagt tilpassa borna!

Me legg også til rette for dei som har bruk for tilrettelagt mat. Ta kontakt i god tid før leiren og avtal!


_S0A9374.jpg

Kiosk, leirkveld og anna moro

To av høgdepunkta på leir er kiosk og leirkveld!

Leirkveld

Leirkveld er eit høgdepunkt med mykje god underhaldning frå deltakarar og leiarar.

“After ski”
Det vert også andre kjekke aktivitetar, med blant anna «After-ski» i gymsalen!

Kiosk

Litt påskegodt er stor stas for store og små