Tilbake til alle arrangementer

Palmehelga - Familieleir på Lyngmo 2024


  • 21 Lyngmo Hafslo, Vestland, 6869 Norway (kart)

Informasjon og påmeldingsskjema

Fredag 22. - måndag 25. mars 2024.
Påmelding til leiren er opna!

Spørsmål: send e-post til lyngmo@lyngmoinfo.com!

Brosjyren finn de her!

Les meir om innhald og aktivitetar på familieleirane her!


Nøkkelord for familieleiren i palmehelga:

Fellesskap med eigen familie og andre familiar, feire påsken og Jesus sin oppstandelse, tru på heimebane, Leirkveld, aktivitetar, god mat, leik og latter.

I 2024 skal me ha ekstra fokus og undervisning om bønn!


Kvifor familieleir?

 

Me trur at familieleir er ein viktig arena for trusopplæring. Me ønskjer å gje borna og dei vaksne felles opplevingar som bind saman familiane og som kan hjelpe familiane til å leva ut eit liv i etterfølging av Jesus! Det er også flott å kunne feire påsken og Jesus sin oppstandelse saman med familien! 


LEIARANE 2024

Andreas og Herborg Kari Evensen
Edgeir og Målfrid Gunvordal
Øystein og Sigrid Hilleren
Ingrid og Stian Raunehaug
Solveig og Øistein Barmen-Johnsen
Kjetil Stautland


Prisar og vilkår 2024

Vaksne: 2300,-

14 - 17 år: 1310,-
5 - 13 år: 1195,-
0 - 4 år: Gratis
Maxpris familie: 6995,-
*Pris inkluderer ikkje skitrekk/badeland
*Alle med: For enkelte familiar vert det for stor kostnad å reise på leir. Dersom dette gjeld dykkar familie kan de ta kontakt på e-post. Då prøver me å leggje til rette for alternative støtteordningar.

*Avbestilling:
Siste 30 dagar: 30 % av pris
Siste 5 dagar: 80 % av pris
**Bruk reiseforsikring ved behov


Leirklubb

Det går an å melde barna inn i leirklubben på Lyngmo ved å registrere seg her. Medlemsskapet kostar 50,- pr år. Du vert kun ståande som medlem det året du har betalt medlemsskap for. Betaling på Vipps til 119360. Merk med leirklubb og navn på barna.

Barn som allereie reiser på barne- og ungdomsleir til Lyngmo treng ikkje melde seg inn på nytt. Lyngmo får frifond-støtte pr medlem i leirklubben. Merk av i påmeldingsskjemaet for om de vil være med i leirklubben.

Forrige
Forrige
16. februar

Crossroad 2024

Neste
Neste
14. mai

Medarbeiderfest!