OVERNATTING

CAMPING – HYTTER – ROM – BED & BREAKFAST


Bed & Breakfast

 
_S0A1347.jpg

 Frukosten vert servert som buffet i matsalen mellom 08.00 og 09.30

Les meir om kva me tilbyr av overnatting på rom her. 


Hytter

_S0A8908.jpg

Me kan tilby sju campinghytter med ulik standard og størrelse. Totalt 34 sengeplasser. Det er ikkje innlagt vatn i nokon av hyttene og det er felles sanitæranlegg med resten av campingplassen. Det er dyner og puter i hyttene. Tilgang til dusj og toalett er inkludert i hytteprisen. 

Type A (1 - 6 personar)

Hyttene (ca. 20 m2) har to soverom og eit opphaldsrom med kjøkenkrok. Desse har plass til 1 - 6 personar. Vær obs på at nokre av sengeplassane er smale dobbeltsenger. Kjøkenkroken har kjøleskap, servise og minikomfyr med tilhøyrande panner anna kokeutstyr. 

Pris: 750,- pr natt

Type B (1 - 4 personar)

Hyttene (ca. 9 m2) har soveplass til fire personar. Dette er svært enkle hytter med rom som inneheld to køysenger og enkle kokemoglegheiter. Hyttene har kjøleskap, servise og kokeplater med tilhøyrande panner og anna kokeutstyr. 

Pris: 540,- pr natt


Book hytte


Campingplassen

Denne ligg med nydeleg utsikt mot Hafslovatnet og har plass til ca. 25 campingvogner. Campingplassen har felles sanitæranlegg med hyttene. Campingplassen er open frå 8. juni - 16. august.

Prisar:

-260,- pr eining (1 - 4 personar). Dusj og toalett er inkludert i prisen. 
-295,- pr eining (1 - 4 personar). Dusj, toalett og straum er inkludert i prisen.


INFORMASJON

 

Sommardrift / Gjesthus / Bed & Breakfast / Camping og hytter

Frå 8. juni -  16. august har me sommardrift og har ope for turistar.
Me tilbyr Bed & Breakfast frå 22. juni - 16. august.

Viktig informasjon

- Resepsjonen er open frå 08.00 - 22.00
- Frukost frå 08.30 - 09.30. (Frukost er kun tilgjengeleg for hytte- og campinggjester når det er ope for Bed & Breakfast)
- Innsjekking: Gje beskjed dersom seinare innsjekking enn 20.00. (Resepsjonen stenger 22.00)
- Utsjekking seinaste 12.00
- Lyngmo er ein rusfri institusjon for heile familien. Det er ikkje høve til å kjøpe eller nyte medbrakt alkohol hos oss. 
- Ved avbestilling ankomstdag eller ein dag før ankomst vert det fakturert for 2 første bestilte døgn. 

- Me tilbyr gratis WiFi til alle våre gjester.
- Me tilbyr leige av vaskemaskin og tørketrommel (pris: 45,- pr vask og 45,- pr tørk)


Aktivitetar

 

Lyngmo er ein stad som er tilrettelagt for born og unge. Me kan tilby fylgjande aktivitetar:

Inne:

Biljard, air-hockey, bordtennis, fotballspel, brettspel med meir. 

Ute: 

Leikeplass med huskestativ og sklie, sandvolleyballbane, eiga privat strand. 
Kanoar, kajakkar og robåtar (utleige: 75,- pr stk pr time eller 250,- pr stk pr døgn). 

I nærområdet

Sogn skisenter: 4 km frå Lyngmo.

Lustrabadet: 16 km frå Lyngmo.

Fjellturar - Me anbefalar Molden, som er ein middels tung fjelltur. Startpunkt for turen er 8km frå Lyngmo. 

Sognefjordområdet kan tilby mykje anna variert og spanande. 
Sjå Visit Sognefjord sine sider. 


VIDEO FRÅ OMRÅDET


KONTAKTSKJEMA Overnatting, hytter og camping

 

For meir utfyllande informasjon om prisane - Skreddersydd ditt behov! Send mail til lyngmo@lyngmoinfo.com eller ring 57 68 43 66.