Bibelsommar i Vest


TIDSPUNKT

Bibelsommar i Vest 8. juli - 15. juli 2018

 

Klikk på pilene for å sjå fleire bileter frå Bibelcamping på Lyngmo. 


 

INFORMASJONSSKRIV 2017, TRYKK HER (oppdatering for 2018 vert lagt ut seinare


Talarar på Bibelsommar i Vest 2018

 

 

 

Bibelsommer i Vest 2018

Søndag 8. juli – søndag 15. Juli

Bibeltimer: Knut Pedersen.

Knut er pensjonist. Han har vore forkynnar i Sunnfjord Indre­misjon og i Agder krets av NLM, lærar på Fjelltun og Fjellheim bibelskular, samt krinsleiar i Norsk Muslimmisjon. Knut er gift med Jofrid. Dei har tre barn.

Kveldsmøter: Josef Birgersson

Josef er kristendomslærar på Val Videregående Skole i Ytre Namdal. Han har vore lærar på Fjellheim Bibelskole. Josef er gift med Miriam. Dei har to gutar. Josef skal ha dei fleste kveldsmøta.

Enkeltmøter: Øyvind Samnøy.

Øyvind er forkynnar i Region Vest av NLM, og bonde i Indre Sogn. Han er gift med Wenche. Dei har fem barn. Øyvind skal ha nokre enkeltmøter.


PRISAR

Ulike typar overnatting på Lyngmo

* Rom m/ bad

* Hytter 

* Campingplass

Sjå prisar for 2018 her

*Alternative overnattingsstader

Det er fleire alternative overnattingsstader på Hafslo.

Dersom nokon har lyst til å delta på Bibelsommar i Vest og skaffar seg alternativ overnatting ber me om at de likevel melder dykk på, slik at me har oversikt over kor mange som kjem til å delta på arrangementet.

Nokre forslag på Hafslo:

*Tang hytter - post@tang-hyttegrend.no – 95 23 08 31 – www.tang-hyttegrend.no

*Beim Gard - berit-sohoel@hotmail.com – 92 21 47 13 - http://www.beim-gard.no/

*Kvamshaugen – dvergeda@online.no – 57 68 41 57 - http://www.kvamshaugen.no/

*Hafslo Gjestehus - hafslogjestehus@gmail.com – 46 69 05 55 - http://hafslogjestehus.no/

*Hafslo Hytteutleige – post@hafslohytteutleige.com – 92 69 54 02 - http://www.hafslohytteutleige.com/

*Gløtten hytter – post@glottenhytter.no – 40 41 16 70 – www.glottenhytter.no

*Eikum hotel – post@eikum.no – 57 68 06 00 – www.eikum.no


BROSJYRE / DAGSPROGRAM


Dagens anbefalte turmål


Kort om Bibelsommar i Vest

 

 

 

Sommaren 2006 vart det starta opp bibelcamping på Lyngmo. Bibelcampingen er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Luthersk Misjonssamband (Region Vest) og Lyngmo. Bibelcampingen legg fokus på grundig bibelforkynning for dei vaksne og eigne bibelsamlingar for borna. I tillegg til at det skal væra gode møter for born og vaksne vert det organisert mange kjekke aktivitetar for store og små. Det er eigne aktivitetsleiarar som tek seg av dette. Me prøver å ha fokus på alle aldersgrupper, slik at alle skal kjenne seg heime på Lyngmo! Dei tilsette på kjøkkenet på Lyngmo ønskjer å legge til rette for god trivsel. Difor legg dei opp til ein variert og god meny gjennom heile arrangementet.

Ulike samlingar og treffpunkt gjennom dagen skal leggje forholda til rette for at alle skal ha aktivitetar å væra med på gjennom dagen. På Bibelsommar i Vest ønskjer me at alle deltakarane skal kjenna at dei er ein del av eit fellesskap.

Det er ulikt kor lenge dei ulike deltakarane er med på Bibelcampingen. Nokre melder seg på heile perioden, medan andre kun får det til å passe å væra med ei helg. Alle er uansett like mykje velkomne!

*Dersom du veit om nokon du kan bu saman med er det flott om de kan melde dykk på saman og bu saman på eitt rom.


PÅMELDING

Me er klare til å ta i mot påmeldingar til bibelcampinga for 2018 frå tysdag 2. januar.
 Du kan velje mellom å
(1) sende e-post til
 lyngmo@lyngmoinfo.com,
(2) bruke påmeldingsskjemaet under eller
(3) ring på telefon 57 68 43 66. Dersom det vert fullt fram til måndag 8. januar kl. 12.00 vert det loddtrekning mellom dei som har meldt seg på. Loddtrekninga er planlagt gjennomført innan fredag 12. januar. 
*
Komiteen for Bibelsommar i Vest har vurdert andre alternativ enn loddtrekning dersom det vert fullt. Det er ikkje funne betre måtar å gjere dette på som er meir rettferdig og som samstundes er enkelt å gjennomføre praktisk.

**Me oppmodar dei som ikkje får plass til å skaffe seg alternativ overnatting i området rundt Lyngmo. 

***Nytt av året er at me set opp ei avmeldingsavgift etter påmelding. Sjå vedlagte prisliste.

Dersom du nyttar påmeldingsskjemaet vil du få ei stadfesting på at det er sendt inn på skjermen. I løpet av nokre dagar vil du få ei stadfesting på e-post om du har fått plass.

Navn *
Navn
Rom med bad / Hytte(Type A; max 6 pers eller Type B; max 4 pers) / Camping / Alternativ overnattingsstad
Skriv navn og alder på borna
Gje beskjed her dersom du har matallergiar me må vite om!
Ønsker å bestille sengtøy