Back to All Events

Bibelcamping 2014


_S0A0529.jpg

Bibelsommar i Vest 29. juni – 7. juli 2014

Me er klare til å ta i mot påmeldingar til årets bibelcamping.
 Skriv helst e-post til Lyngmo eller ring på 57 68 43 66.

Brosjyra frå 2014 er ikkje klar ennå.
 

Talarar på Bibelsommar i Vest 2014

Bibeltimar:

-Claus Munk: 30.juni – 5. juli (Emne: «Korsets mysterium»)

-Øyvind Samnøy: 6. – 7. juli

Kveldsmøter (annakvar kveld):

-Lars Egil Fredriksen 30. juni – 6. juli

-Øyvind Samnøy: 29.juni – 5.juli

Om talarane:

Claus Munk var tilsett i Luthersk Missionsforening (Danmark) 1975 – 2008 som landsungdomssekretær og forlagsleder/redaktør i Dansk Luthersk Forlag. Er i dag ein aktiv pensjonist i forkynning og undervisning. Teologisk utdanning frå Fjellhaug misjonsskole og universitet i Oslo.

Nettside: http://claus-lm.blogspot.no/

Lars Egil Fredriksen er student og forkynnar for NLM sitt hovudstyre.

Øyvind Samnøy er forkynnar i NLM region Vest og bonde i Indre Sogn

Prisar for Bibelsommar i Vest 2014

Prisane til Bibelsommar i Vest 2014 er snart klare og vert lagt ut innan midten av januar.

Kort om Bibelsommar i Vest

Sommaren 2006 vart det starta opp bibelcamping på Lyngmo. Bibelcampingen er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk Luthersk Misjonssamband (Region Vest) og Lyngmo. Bibelcampingen legg fokus på grundig bibelforkynning for dei vaksne og eigne bibelsamlingar for borna. I tillegg til at det skal væra gode møter for born og vaksne vert det organisert mange kjekke aktivitetar for store og små. Det er eigne aktivitetsleiarar som tek seg av dette. Me prøver å ha fokus på alle aldersgrupper, slik at alle skal kjenne seg heime på Lyngmo! Dei tilsette på kjøkkenet på Lyngmo ønskjer å legge til rette for god trivsel. Difor legg dei opp til ein variert og god meny gjennom heile arrangementet.

Ulike samlingar og treffpunkt gjennom dagen skal leggje forholda til rette for at alle skal ha aktivitetar å væra med på gjennom dagen. På Bibelsommar i Vest ønskjer me at alle deltakarane skal kjenna at dei er ein del av eit fellesskap.

Det er ulikt kor lenge dei ulike deltakarane er med på Bibelcampingen. Nokre melder seg på heile perioden, medan andre kun får det til å passe å væra med ei helg. Alle er uansett like mykje velkomne!