Overnatting: Hytter

Ved Hafslovatnet i Luster, nær Sognefjorden


Hytter

Hytter-Overnatting-Sognefjord-Hafslo-Luster

Me kan tilby sju campinghytter med ulik standard og størrelse. Totalt 34 sengeplasser. Det er ikkje innlagt vatn i nokon av hyttene og det er felles sanitæranlegg med resten av campingplassen. Det er dyner og puter i hyttene. Tilgang til dusj og toalett er inkludert i hytteprisen. 

Type A (1 - 6 personar)

Hyttene (ca. 20 m2) har to soverom og eit opphaldsrom med kjøkenkrok. Desse har plass til 1 - 6 personar. Vær obs på at nokre av sengeplassane er smale dobbeltsenger. Kjøkenkroken har kjøleskap, servise og minikomfyr med tilhøyrande panner og anna kokeutstyr. 

Pris: 1055,- pr natt

Type B (1 - 4 personar)

Hyttene (ca. 9 m2) har soveplass til fire personar. Dette er svært enkle hytter med rom som inneheld to køysenger og enkle kokemoglegheiter. Hyttene har kjøleskap, servise og kokeplater med tilhøyrande panner og anna kokeutstyr. 

Pris: 750,- pr natt


Book hytte


KONTAKTSKJEMA Overnatting - hytter

 

For meir utfyllande informasjon om prisane - Skreddersydd ditt behov! Send mail til booking@lyngmoinfo.com eller ring 57 68 43 66.