Back to All Events

Lyngmo 50 år i 2015 – Jubileumshelg 13. – 14. juni


I 2015 er det 50 år sidan Lyngmo vart teken i bruk. Då var dei gamle brakkene, som kom frå kraftutbygginga i Fortun, flytta til Hafslo og klare til å ta i mot leirdeltakarar i alle aldrar.
Det kristne leirarbeidet for born og ungdom står framleis i sentrum for drifta her. I tillegg til dette har drifta utvikla seg til å verta ei heilårsdrift, inkludert leirar, familiearrangement, barnelag, knøttekor, småbarnstreff, selskap (bryllaup, konfirmasjon, minnestunder m.m), møter, konkferansar og gjestehus- og campingdrift om sommaren. 

Me ser fram til å feire leirstaden vår laurdag 13. og søndag 14. juni!

Foreløpig program (meir detaljar kjem seinare):

Ruben Gazki kjem! 

Ruben Gazki kjem! 

Laurdag 13. juni
13.00 – Familiedag med ulike aktivitetar
Servering av grillmat
16.00 – 17.00: Familie-møte med Ruben Gazki. "Ruben Gazki har to sterke drivkrefter i livet sitt, sin kristne tro og sine tryllekunstner". 

19.00: Festmøte

Søndag 14. juni
11.00 – Jubileumsgudsteneste på Lyngmo for familien. Samarbeid mellom Lyngmo og Kyrkja.

Hjarteleg velkomne!