Familieleirar

Familieleir er ein viktig arena for trusopplæring. Me ønskjer å gje borna og dei vaksne felles opplevingar som bind saman familiane og som kan hjelpe familiane til å leva ut eit liv i etterfølging av Jesus! Gjennom aktivitetar, undervisning og kjekke opplevingar vert familiane knytt saman og familiane kan ta med seg gode opplevingar heim frå leir!

Familieleir i Palmehelga

På denne leiren set me fokus på korleis familien kan praktisere kvardagstru i heimen. Leiren er frå fredag - måndag i palmehelga og gjer ein god inngang til påskehelga!

Familieleir, NLM — PÅ PAUSE

Leir frå onsdag i påskeveka til 1. påskedag.
NLM, region Vest har ansvar for gjennomføring.

Leiren er foreløpig på pause og det er usikkert om den vert starta opp att.

Familiefokus sin familieleir

Om sommaren er me vertskap for Familiefokus (Ungdom i oppdrag) sin familileleir. Me er glade for å kunne legge til rette for eit viktig arbeid!

Leiren vert ofte raskt full, så det er viktig med tidleg påmelding.