Bibelsommar i Vest 29. juni. - 5. juli 2026

Informasjonen er oppdatert for 2026 (Siste oppdatering 22.12.25)

TIDSPUNKT OG PÅMELDING

Velkommen til Lyngmo 29. juni - 5. juli 2026

INFORMASJON OM 2026 er klart under her. Nokre punkt gjeld framleis 2025, men vert oppdatert fortløpande.

Påmelding: Start påmelding: Måndag 19. januar 2026
*Påmelding skjer via påmeldingsskjemaet under. Du får svar med stadfesting i løpet av nokre dagar etter du har sendt inn påmeldinga.

Spørsmål / Alternativ påmelding via e-post og telefon:
E-post:
booking@lyngmoinfo.com
Telefon: 57684366

Dugnad og hjelp under arrangementet: Mykje av arrangementet er gjort på dugnad. Har du lyst og mulighet til å hjelpe til? Det ligg nokre oppgåver i påmeldingsskjemaet som går an å melde seg til.


Viktig informasjon om årets arrangement (2026)

Bibelsommar i Vest er Misjonssambandet, Region Vest sitt arrangement. Det skjer her på Lyngmo kvar sommar.

Leiarar og talarar og staben på Lyngmo ønsker hjarteleg velkommen til feriedagar med åndeleg påfyll for heile familien!


Litt meir om Bibelsommar i Vest

Sommaren 2006 vart det starta opp bibelcamping på Lyngmo. Bibelcampingen er eit samarbeidsprosjekt mellom Misjonssambandet Region Vest, Lyngmo og mange eldsjeler for arrangementet. Bibelcampingen legg fokus på grundig bibelforkynning for dei vaksne og eigne bibelsamlingar for borna. I tillegg til at det skal væra gode møter for born og vaksne vert det organisert mange kjekke aktivitetar for store og små. Det er eigne aktivitetsleiarar som tek seg av dette. Me prøver å ha fokus på alle aldersgrupper, slik at alle skal kjenne seg heime på Lyngmo! Dei tilsette på kjøkkenet på Lyngmo ønskjer å legge til rette for god trivsel. Difor legg dei opp til ein variert og god meny gjennom heile arrangementet.

Ulike samlingar og treffpunkt gjennom dagen skal leggje forholda til rette for at alle skal ha aktivitetar å væra med på gjennom dagen. På Bibelsommar i Vest ønskjer me at alle deltakarane skal kjenna at dei er ein del av eit fellesskap.

Det er ulikt kor lenge dei ulike deltakarane er med på Bibelcampingen. Nokre melder seg på heile perioden, medan andre kun får det til å passe å væra med ei helg. Alle er uansett like mykje velkomne!

*Dersom du veit om nokon du kan bu saman med er det flott om de kan melde dykk på saman og bu saman på eitt rom.


Overføring av talar og arkiv frå tidlegare år

Talane på Bibelsommar i Vest vert teke opp.
Enkelte år / møter vert også talar overførte direkte via denne linken: http://mixlr.com/bibelsommar-i-vest/

Me startar sendinga av talen cirka 20 - 25 minutt ut i møta.  
Streamen kan åpnes i app på mobile enheter:  ANDROIDIOS

Tidspunkt 
Formiddagsmøte kl. 10:30
Seminar kl. 16:30
Kveldsmøte kl. 19:00

Arkiv

Lydopptak: Det er lagt ut talar frå 2006 og fram til i dag på denne sida: https://bibelsommar.no

Videoopptak er lagt ut på 2 sider på Youtube:
- https://www.youtube.com/@bibelsommarivest4462
- https://www.youtube.com/@SteinsdalenBedehus