TORSDAGSKLUBB OG KNØTTEKOR

Torsdagsklubb og Knøttekor er annakvar torsdag frå kl 17:30 - kl 19:00. Samlingane avsluttar med felles kveldsmat. Me ynskjer at klubbane skal vera ein del av trusopplæringstilbodet til borna.

_S0A9989.jpg

Torsdagsklubben er ein klubb for born mellom 1. og 4. klasse. Her blir det andakt og song, og forskjellige aktivitetar som gymsal, buldrevegg, hobby, wii, leik, konkurranser og loddtrekning. 
Leiarar: Rakel O. Skagen


_S0A9642.jpg

Knøttekoret går parallellt med Torsdagsklubben og er for born mellom 0 og 6 år, saman med mamma, pappa, bestemor eller bestefar. Veldig koselig samling med song, rytmeinstrument, leik og kos. 
Leiarar: Kjerstin Holm Carlsen og Ester Oklevik

 

 


Årsoversikt

Datoar for Torsdagsklubben og Knøttekoret

Datoar for hausten 2018 vert lagt ut her. Første samling er torsdag 30. august 2018

 

 

Medlemsbetaling for Knøttekoret og Torsdagsklubben

Me ønskjer å ha medlemmar i barnelaga våre. Lyngmo får støtte frå kommunen og frifond-midlar for dei som er medlemmar. Max medlemsavgift gjeld samla for begge klubbane.

Torsdagsklubben

Knøttekoret

Betalar medlemsavgift på 150,- i semesteret.

Dette dekkar hobbyaktivitetar og kveldsmat. 

Betaling

Betaling til konto 3785.11.28922

Betalar medlemsavgift på 150,- i semesteret. Max 350,- pr familie. Dette dekkar også kveldsmat. For dei som ikkje er medlem kostar kveldsmaten 50,- pr familie.