Støtt Lyngmo

_MG_9481.jpg

Me er svært takksame for all støtte til Lyngmo! Forbønn, dugnadshjelp eller økonomisk støtte er til stor hjelp. 

Forbønn: Vær gjerne med og be for leirplassen vår, dei tilsette, gjester og arrangementa. 

Dugnad: Me er avhengige av folk som støttar opp med dugnad. Me treng dugnadshjelp som leirleiarar og til vaktmeisterarbeid, på kjøkkenet og til vasking med meir. Ta gjerne
kontakt med oss om du har lyst til å hjelpe til. 

Gåver: Ønskjer du å gje ei gåve kan du nytte
kontonr: 3000 32 79177.

Det er mogleg å få
skattefrådrag for gåver gitt til Lyngmo
(maksimalt 30.000,- pr person). Dersom
du ønskjer skattefrådrag må du ta kontakt
med oss før du gjer gåva. For gåver med skattefrådrag må me nytta eit eige system med eige kontonummer.

TUSEN TAKK TIL ALLE SOM STØTTAR OPP OM LYNGMO!