OM LYNGMO


Lyngmo
Ungdomssenter

 

Eigarar

Er ein leirplass som ligg på Hafslo i Luster kommune. Leirplassen ligg ved Hafslovatnet, 14 km frå kommunesenteret Gaupne og 14 km frå regionsenteret Sogndal. Det er kun 4 km til Solvorn og Sognefjorden.
Lyngmo er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband og Sogn og Fjordane Indremisjon. Drifta er retta mot leirar og andre arrangement for born og ungdom, familiar, vaksne og eldre. Barnelaga våre med Knøttekoret, Torsdagsklubben og Småbarnstreff er viktige for oss. I tillegg til dei ideelle arrangementa våre skaffar me midlar til drifta, ved å leige ut staden til overnatting, camping, selskap og konferansar. Me er også avhengige av støtte i form av dugnad (mellom 4 og 5 årsverk) og inntekter frå gåver, basarar loppemarknad med meir for å kunne leggje til rette for eit godt og variert barne- og ungdomsarbeid. 

Dersom du vil støtte Lyngmo kan du sjå meir her: 



Lyngmo er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband Region Vest og Sogn og Fjordane Indremisjon.

Sogn og Fjordane indremisjon

Sogn og Fjordane indremisjon

 




OVERNATTINGSTILBOD: Soverom, hytter og campingplass


Kontakt

Tlf: 57 68 43 66

E-post: lyngmo@lyngmoinfo.com

Postadresse: Lyngmo 12, 6869 HAFSLO