BARNE- OG UNGDOMSLEIRAR

Påmelding


 

2 - 4 klasseleir


 

4 - 7 klasseleir


 

Ungdomsleir


Barnas songleir (2-7 klasse)


Leiroversikt 2019


Vinterleirane (påmelding startar 2. januar):

2 - 4 klasseleir
4 - 7 klasseleir
Crossroad (8.kl - 19 år)

22.-24. mars 675,-
15. - 18. februar 835,-
8. - 10. februar 750,-

Sommarleirane (påmelding startar 2.mai):

14. - 16. juni 675,-
7. - 10. juni 835,-
29. - 31.mai 750,-

2 - 4 klasseleir
4 - 7 klasseleir
Ungdomsleir (8.kl - 3. vgs)

Haustleirane (påmelding startar 10.august):

20. - 22. september 675,-
4. - 7. oktober 835,-
18. - 20. oktober 750,-
15. - 17. november 710,-

2 - 4 klasseleir
4 - 7 klasseleir
Ungdomsleir (8.kl - 3. vgs)
Barnas songleir (2 - 7 klasse)


LEIR MED FOKUS PÅ JESUS

Hovudgrunnen til at det vart starta leirarbeid på Lyngmo i 1965 var at dei ønska at born og unge skulle få høyre om Jesus. Lyngmo skal vera ein møteplass der deltakarane får muligheit til å utvikle si eiga tru og verta meir kjend med Jesus. Borna skal bli møtt av eit ope og inkluderande miljø i trygge og rusfrie rammer, der me ønskjer å sjå kvar enkelt. Me forventar at deltakarane er med på samlingane, men kvar enkelt bestemmer sjølv om dei ønskjer å ta aktivt del eller ikkje. Den enkelte si tru er ikkje eit krav for å væra med på leirane våre! Me har eit mål om at leirarbeidet skal vera prega av gode opplevelsar og trygge omgivelsar.  

ME YNSKJER Å:

- Sjå og møte den einskilde deltakar
- Servere god mat
- Lage attraktive aktivitetar ute og inne
- Snakke om den kristne trua på ein spanande og interessant måte

PROGRAM PÅ LEIR:

Mykje av programmet på leir er fast, medan nokre punkt vil variere med årstidene og etter kva type leir det er. Gjennom ein leir vil deltakarane blant anna kunna få med seg:
 

- Bibeltimar
- Leik og moro
- Kiosk
- Kveldssamlingar
 

- Kanopadling
- Tur i skibakken
- Konkurransar
- Nye vener

ME STILLER KRAV TIL AT: 

- Leiarane som er med på Lyngmo skal legge fram politiattest




Eit godt utgangspunkt finn du her:

- Uteklede
- Sovepose eller dynetrekk, laken og putetrekk
- Handkle og toalettsaker
- Gymklær og gymsko
- Bibel og skrivesaker
- Ute- og innesko
- Kioskpengar

PAKKELISTE

Du vil få oversikt over kva du treng ha med deg i infoskrivet.