Dagens anbefalte turmål
Vestlandet i eit nøtteskal
Mollandsmarka
Ta turen opp til Mollandsmarka, og få med deg Lusters flottaste utsikt. Fjell og fjord i fin harmoni. Det er ingen holdeplass eller utarbeida utsiktspostar, men fleire stadar er det mogleg å parkere langs vegen for så å gå ut å sjå seg om.
Vegbeskrivelse: Køyr retning Gaupne, vidare følg skilting til Mollandsmarka.
Solvorn
Vidare kan ein ta turen ned i Solvorn. Enten ved å gå gamlevegen (du finn stien til venstre for vegen ned i Solvorn) eller du kan køyre ned. Solvorn er virkelig ei pærle, og kan nytast med ein kopp kaffi på Linehagen lokalisert nede ved kaien. Her finn du også ei fin badestrand.
Vegbeskrivelse: Solvorn er første avkøyrsle på di venstre sida på hovudvegen, når du køyrer frå Lyngmo retning Sogndal.
Børestein
Fjelltur med fin utsikt.
Vegbeskrivelse: Køyr inn til Luster, følg skilting opp til Berge. Der finn ein parkeringsplass, og vidare merka sti til Bjøresteinen.
Fuglesteg
Den gamle fjellgarden Fuglesteg ligg høgt oppe i dalsida over Fortun og er ein opplevelse av dei sjeldne. I sommarsesongen har turlaget dagleg servering av hellekaker med rømme/syltetøy og kaffi/saft.
Vegbeskrivelse: Frå fv. 55, Sognefjellsvegen, rett etter første svingen ovenfor Coop-butikken i Fortun. Det er god plass for parkering av bilar på grusbana som ligg mellom Fortuna Kafe/Pensjonat og skulen. Dersom det er plass, går det også an å parkere på venstre side like forbi fyrste venstresving etter at du har passert butikken i Fortun på vegen mot Sognefjellet. Start på motsett side av riksvegen. Her er det sett opp informasjonstavle, grind og skilt der ein skal ta av.
Urnes stavkyrkje
Urnes stavkyrkje blei bygd i 1130-åra, og står i ei særstilling når det gjeld arkitektur og stilhistorie. Ho er rekna som den eldste av stavkyrkjene og er eit sentralt verk i norsk kunst og historie. Stavkyrkja vart i 1979 innskriven på UNESCO si verdsarvliste.
Vegbeskrivelse: Man kan enten ta ferja frå Solvorn, eller man kan køyre rundt fjorden. Solvorn er første avkøyrsle på di venstre sida på hovudvegen retning Sogndal når du køyrer frå Sogndal. Ynskjer man å køyre rundt fjorden må man i så fall køyre inn i Skjolden.
Ferjetider Solvorn - Ornes
De Heibergske Samlingar
De Heibergske Samlingar er eit av dei eldste og flottaste folkemusea i landet. På museet kan ein oppleva korleis sogningar har levd og budd, frå mellomalderen og fram til vår eiga tid. I tillegg finn du friluftsmuseet her, med nærare 40 bygningar, spenner frå årestove frå mellomalderen til eit moderne ferdighus frå slutten av 1980 talet. Om sommaren har museet full gardsdrift med hest, kyr, griser og høns. Garden vert drive slik ein gjodre det på slutten av 1800-talet, og i eit tidsrett kulturlandskap.
Forutan ein "vanleg" leikeplass, med enkle leikeapparat, gamaldagse stylter, og ekte laftetømmer, slik at ein kan byggja seg eit eige tømmerhus, har museet ein flott naturleikeplass i skogen nedanfor hovudbygninga. Her har ein lagt til rette for ulike former for leik i naturen. Ein kan klatra og huska, eller finna seg ein fredeleg plett for rolegare syslar.
Vegbeskrivelse: Museet er lokalisert på veg til Kaupanger, om lag 10 km frå Sogndal
Jostedalsbreen
I Jostedalen finn du den største isbreen på det europeiske fastlandet. I Jostedalen finn ein også Breheimsenteret, her finn du utstilling, kafe og souvenirbutikk.
Vegbeskrivelse: Køyr retning Gaupne, og følg vidare skilting til Jostedalen.
Lustrabadet
Lustrabadet tilbyr idrettsbaseng med 6 baner, stupetårn (1 meter og 3 meter med sviktbrett, 3 meter og 5 meter fast plattform). Sklie med tidtakingssystem, om lag 65 meter lang og 7 meter fall. Knøttebasseng med fontene og sklie. Barnebasseng med luftbobler. Varmebasseng som inneheld liggjebenk. Dampbadstove og vanleg badstove, kaldkulp (8-12 grader) og varmkulp (39 grader). Kafeteria med servering inn i badeanlegget.
Garderobane har låsbare skap, som du treng ein tiar for å nytte.
Opningstider:
Bokbyen i Fjærland og norsk bremuseum
Storslegen natur, gode turtilhøve og ei stemning av ro er det som gjer at å besøke Fjærland er ei oppleving. I Fjærland finn me den norske bokbyen. I eit titals svært orginale bokutsal som tidlegare har vore ferjeventerom, fjøs, bank, fryseri og postlokale, er det til ei kvar tid til sals om lag 200 000 brukte bøker. Eller 4 kilometer bøker til sals. Nokre av bokutsala er kombinerte med kafé, husflidutsal, suvenirbutikk og kunstgalleri.
Gjer eit scoop blant dei mange bruktbøkene og kombiner det med ein stopp hjå "Kaffistova bok kafé". Her har dei også heimelaga mat.
Du finn også Norsk Bremuseum i Fjærland. Utstillingane er delt inn i 4 emne med 24 tema og syner blant anna korleis brear blir danna, korleis dei har forma jordlandskapet og kvifor breane spelar ei viktig rolle i klomaforskinga. Museet omfattar også Ulltveit-Moe senter for klimaviten. Der blir kunnskap formidla gjennom ei opplevingsreise i tid frå atmosfæren blei til, via siste istid, og fram til år 2100. Frå taket har ein storslått utsikt til breane og landskapet dei har forma. Det blir også vist Ivo Caprino sin panoramafilm frå Jostedalsbreen kvar heile og halve time.
Vegbeskrivelse: Frå Sogndal tek du riksveg 5 retning Førde, og følger vidare skilting. Fjærland ligg om lag 4 mil frå Sogndal.
Anestølen
Anestølen ligg ved nordenden av Anestølsvatnet, 450 m.o.h. Her beitar 600 geiter om sommaren, i tillegg til sauer og kyr. Området rundt stølen byr på eit fantastisk turterreng med moglegheiter for både lange og kortare turar. Skulle ein ynskje å prøve lokal geitost, kan ein ta turen innom Selseng Gardsysteri som er lokalisert på Selseng rett før avkøyrsla til Anestølen.
Vegbeskrivelse: Anestølen ligg 20 km frå Sogndal sentrum; ta av ved skilt til Anestølen på Rv 5 i Sogndalsdalen.