Back to All Events

Vi over 60


I 2019 er me heldige og har fått med oss dei to talarane Liv Rolfsnes og Asbjørn Kvalbein.

Meld dykk på så snart som mogleg. Det kan verta fullt.

Hjarteleg velkomne!!

Hafslovatnet
 

Påmelding

Bruk skjemaet ved sida av her for påmelding.
Du får svar i løpet av nokre dagar med stadfesting på bestillinga.


Kva og kvifor Vi over 60

Dette er ein leir for dei som er på veg inn i pensjonsalderen og for dei som er godt etablerte pensjonistar. På leiren ønskjer me å setje deltakarane i fokus ved at alle vert sett og inkludert i det sosiale fellesskapet. På Vi over 60 kombinerer me grundig og bibeltru undervisning med lettare underhaldning og aktuelle seminar. Kvart år legg me også opp til ein tur ut i lokalsamfunnet. Indre Sogn har mange perler me kan syne fram! Me trur slike leirar er viktige sosialt. Like viktig er det at ein får påfyll frå Bibelen til eit liv i dagleg etterfølging av Jesus!

20080306152140-interrogacion1.png
 

Talarane

Liv Rolfsnes:

Er utdanna lærar og har arbeidt i Indremisjonssamskipnaden i 43 år. Ho har vore skulesekretær, evangelist og områdesekretær i Indre Hardanger (Odda). Ho har i alle år teke aktivt del på Indremisjonen sine leirar

Liv Rolfsnes

Liv Rolfsnes

 

Asbjørn Kvalbein:

Er prosjektleiar i Norea Mediemisjon og forkynnar i NLM. Han er utdanna cand.theol. og har ein amerikansk mastergrad i kommunikasjon. Han var første redaktør for bladet Ungdom og tiden, redaktør for misjonsbladet Utsyn og leiar for Kristelig Pressekontor

Asbjørn Kvalbein

Asbjørn Kvalbein

 


God mat

På leirane på Lyngmo ønskjer me å servere gode og varierte måltid.
For dei som har matallergiar, så er det viktig at de gjer oss beskjed om dette ved påmelding. Då vil kjøkkenstaben prøve å leggje til rette for dei ulike behova.

static1.squarespace.jpg
 

Romstandard

nybygg (5 of 25).jpg

Rom med bad: Det er 25 rom med eige bad på Lyngmo. Romma er enkelt utforma, men med gode senger og elles det du treng.

Campinghytte: Det er også mogleg å bu i campinghytte for dei som ønskjer ein enklare standard. Då får du 15 % rabatt. Hyttene har ikkje innlagt vatn og dei som bur der nyttar det nye sanitæranlegget for campingplassen.

Campingplass: Det er mogleg å ta med campingbil / campingvogn eller bu i telt for dei sprekaste!


Prisar

2325,- for heile opphaldet
*Me køyrer privatbilar på tur.
**Billett/servering på museet kjem i tilegg
110,- for leige av sengtøy inkl. handduk
160,- for ferdig oppreidd seng inkl. handduk
15 % rabatt i hytter


Turen

I 2019 går turen til Fjærland. Me ser fram til ein flott tur til denne flotte bygda. I Fjærland besøker me Bremuseet og kanskje det vert tid til ein tur i bokbyen for dei som er interesserte i det.


Sosialt og aktivitetar

Leiarane har mål om å sjå deltakarane og at alle skal kjenne seg inkludert. Me held høgt dei uformelle pratane rundt borda i peisestova, samstundes som me prøver å ha enkle programinnslag gjennom leiren.Det vert også lagt opp til nokre fysiske aktivitetar med morgontrim og spasertur for dei som ønskjer det.


Leiarane

Anders Alme ‐ 47 67 96 07              Liv Hushagen ‐ 90 47 31 33
Kjell Mjelstad ‐ 91 53 26 04             Per Helleve ‐ 91 85 52 04


 
Earlier Event: April 12
Palmehelga - Familieleir på Lyngmo