Back to All Events

Vestlandsvegar 17


Vestlandsvegar 17

Er du mann og samstundes landevegssykelist?  24. - 27. mai dreg me i gang ein heilt ny leir, ein sykkelleir for menn! Lyngmo vert plassen for å kombinere leirlivet med sykkelturar i vakker natur i Sogn. 
Det er to kriterier for å væra med: Du må ha fylt 20 år og ha med enten eigen landevegs- eller hybridsykkel.

Klikk her for brosjyre.

Sykkel

Det er lagt opp til to dagar på sykkel. Meld deg på i passande klasse og bli med på korte eller lengre turar saman med DITT sykkelfelt! Påmelding til felt i samband med påmelding (kan endrast ved ankomst Lyngmo)


Felt A:

Dette er turgruppa med enklaste program.
Me syklar i passande tempo utan
at det vert for høg puls.
Me reknar med 2 – 4 timar på sykkelen.

Felt B: 

Dette er ei mellomgruppe. Me syklar lenger og med litt høgare tempo. Passar for deg som trenar jamleg. Me reknar med 3 – 5 timar på sykkelen.

Felt C: 

Dette er for dei som har hybridsykkel. Me reknar med 3 – 4 timar på sykkelen. 

Møter

Bibeltimar: Jørgen Storvoll, 32 år. Lærar på Fjellheim bibelskole. Skal snakke om det å vera Mann i 2017 (I samfunn, familie, menighet etc.)

Kveldsmøte: Jan Erik Lehre. Forsamlingsleiar i Misjonssalen Oslo

Song/ musikk: Det vert eige lovsongsteam på kveldsmøta.

Torsdag og Fredag
08.00 Frukost og nistesmørjing
09.15 Bibeltime
11.00 På sykkelen
17.30 Middag
19.30 Kveldsmøte

Laurdag
08.00 Frukost og nistesmørjing
10.00 Avslutningsmøte

PROGRAM

Onsdag 24. mai
18.00 Oppmøte
20.00 Kveldsmat
21.00 Opning og Kveldsmøte
22.30 Sykkel-info

 

 

*For dei som ønsker å ta ein tur på sykkelen på laurdagen er det fine moglegheiter for det etter avslutninga laurdag formiddag.

Prisane inkluderer

Overnatting og alle måltid
Sengtøy (legg på sjølv)
Handdukar
*Pakkeliste og meir informasjon vert tilsendt i forkant av arrangementet

PRISAR

 PRIS: 1990,- ved påmelding til og med 7. april
 PRIS: 2200,- ved påmelding etter 7. april
 Tillegg for enkeltrom: 600,-

 

    PÅMELDING

     
    Earlier Event: May 16
    16. mai feiring
    Later Event: May 29
    Vi over 60