Back to All Events

SONG OG MUSIKKMØTE

Song og musikkmøte

SoNG og musikkmøte.jpg

Sangfellesskapet Hatikva vil, saman med koret Dalklang og Lyngmo Ungdomssenter, innby til sang- og musikkmøte laurdag 24.02.18 kl. 19:30 på Lyngmo Ungdomssenter.

Både Hatikva og Dalklang vil ha eigne avdelingar, men vil óg ha ei avdeling saman. Og så vil møtelyden verta invitert til å vera med på allsang. Det vil og vera helsingar frå deltakarane samt apell/andakt ved Stein Raunehaug.

Hatikva (Hebraisk for HÅPET, også tittelen på den israelske nasjonalsangen) er eit sangfellesskap som starta opp i 2005 i miljøet rundt bedehuset på Vollom i Lindås, og har no medlemmer frå Øygarden i vest til Masfjorden i aust, frå Tofting (Lygra) i nord til Åsane i sør. Vi er kyrkjefolk, frikyrkjefolk, indremisjonistar, folk heimehøyrande i NLM og mykje pinsevennar. Det vi har felles er ei jublande gleda over å tilhøyra Jesus, og å få syngja og vitna om det vi har i Han, no i kvardagen og seinare heime i himlen.

Vi er eit sangfellesskap og ikkje eit kor. Med det meinar vi at porten inn til fellesskapet ligg i om ein trivest i flokken, meir enn dei sanglege kvalitetane ein måtte ha. Og ein bør lika å syngja (eller musisera)!

Etter at vi vitja Lyngmo for nokre år sidan, har vi sett fram til å koma attende dit, og gler oss til denne februar-helga.

Møtet vil sjølvsagt vera gratis, men det vert teke opp ei gåve til Lyngmo Ungdomssenter.

Vel møtt!

Earlier Event: November 10
Barnas Songleir
Later Event: April 20
Regionsårsmøte NLM Region Vest