Back to All Events

Palmehelga - Familieleir på Lyngmo


Panorama Lyngmo Eh - foto.jpg

 

På Lyngmo er det familieleir frå fredag 12. – mandag 15. april 2019.

Les litt meir om familieleiren under her!

Bruk påmeldingsskjemaet under til å melde deg på.

Dersom du har spørsmål kan du sende e-post til lyngmo@lyngmoinfo.com!

Brosjyren finn du ved å klikka her. Der finn du prisar, program og anna viktig informasjon!


PÅMELDINGSSKJEMA

 

Familieleir på Lyngmo er...


spørsmål.png
 

Kvifor familieleir?

Me trur at familieleir er ein viktig arena for trusopplæring. Me ønskjer å gje borna og dei vaksne felles opplevingar som bind saman familiane og som kan hjelpe familiane til å leva ut eit liv i etterfølging av Jesus! Det er også flott å kunne feire påsken og Jesus sin oppstandelse saman med familien! 


1703_9602_6dff5c5f24.jpg
 

Formidling av påskebudskapet

Barnesamlingar: Barna er viktige for oss! Opplegget er tilpassa for barn frå 2 – 12 år. Det vert bibelhistorie, song, leik, moro og hobbyaktivitetar.

Bibeltimar: Under barnesamlingane får dei vaksne ei eiga samling, der ein går litt meir grundig inn i Bibeltekstane. Edgeir og Målfrid Gunvordal skal snakke om “Hver tid teller!” (I kryssningspunktet mellom menigheit og familie - der vert ei levande tru skapt)

Familiesamlingar: Korte møte med borna i fokus. Me skal syngja, lytta til bibelhistorie og samla inn pengar til Barnas Misjonsprosjekt! Søndag vert det sjølvsagt den obligatoriske leirkvelden!

Temasamling: For dei vaksne vert det eiga samling med meir tid til lovsong og fellesskap på kveldane. Me tek oss også tid til samtale og forbønn.

Bønnerommet: Dette er ope under leiren og det vert eigne bønnesamlingar for dei som ønskjer å bli med på det!


LB.png

Familietid

Me prioriterer mykje tid til at familiane kan gjere aktivitetar saman:

Snø: Det er gode forhold for slalom, aking og langrenn i Sogn skisenter. Dersom det er lite snø på Hafslo kan ein også reise til Sogndal skisenter eller Sognefjellet.

Bading: Ta gjerne turen til Lustrabadet, som er eit flott badeanlegg, ein av dagane!

Spel og leik saman med borna: Me oppfordrar de som er vaksne til å bruke tid saman med borna på leiren! Bruk gymsalen vår, aktivitetsrommet eller finn fram brettspela og gjer noko kjekt saman!


static1.squarespace.jpg

God mat

Me satsar alltid på at det skal vera god mat på leirane på Lyngmo. Menyen er sjølvsagt tilpassa borna!


_S0A9374.jpg

Kiosk, leirkveld og anna moro

To av høgdepunkta på ein kvar leir er kiosk og leirkveld!

“After ski”

Det vert også andre kjekke aktivitetar,  med blant anna «After-ski» i gymsalen!

Betweens-samling - NYHET!

I år vert det betweens-samling om kvelden for dei eldste borna!

 

LEIARANE

Torbjørn og Sara Brosvik
Andreas og Herborg Kari Evensen
Edgeir og Målfrid Gunvordal
Geir Allan og Marianne Fylkesnes
Kjetil og Sissel Stautland



Earlier Event: April 7
Supersøndag
Later Event: May 16
16. mai feiring