Back to All Events

Palmehelga - Familieleir på Lyngmo


Har du og familien din lyst til å reise på leir saman i palmehelga 2017?

På Lyngmo Ungdomssenter vert det leir i palmehelga, frå fredag 7.april. – søndag 10.april 2017.

Brosjyren finn du ved å klikka her.

Det er flott å kunne feire påsken og Jesus sin oppstandelse saman med familien. Leiren inneheld det meste av standard leiraktivitetar med bibeltime og barnesamling, lovsong, snø og ski, leirkveld, leik, kiosk og god tid til prate med folk.
Kjøkkenet på Lyngmo lagar til ein meny med mykje god mat.
Spør borna dine om dei har lyst til å vera med på leir!
Me startar påmeldinga no. De er hjarteleg velkomne!

I fritida anbefalar me turar til

Sogn Skisenter (www.sognskisenter.no), 5 minutt frå Lyngmo

Lustrabadet (www.lustrabadet.no), 15 minutt frå Lyngmo

PS! Det vert også familieleir i 12. - 16. april (Ta kontakt med NLM Vest for påmelding og meir informasjon om den leiren: vest@nlm.no)

Helsing leiarane:

Torbjørn og Sara Brosvik
Andreas og Herborg Kari Evensen
Målfrid og Edgeir Gunvordal
Sissel og Kjetil Stautland 

Navn *
Navn
Sengtøy *
Gje beskjed her om du har matallergiar eller andre særskilde behov for tilrettelegging!
Earlier Event: March 3
Inspirasjonshelg for kvinner
Later Event: April 12
Påskeleir 12. april - 16. april