Back to All Events

Barnas Songleir


Barnas songleir er for 2. - 7. klasse på Lyngmo Ungdomssenter på Hafslo

Ein litt anna type leir!
På Barnas Songleir vert det eindel korøving. Vi lærer oss nokon songar og så avslutter vi leiren med ein konsert for foreldre og familie. I tillegg til alt dette vert det god leirstemning med leirkveld, kiosk, aktivitetar ute/inne og god mat. Få med ein venn og bli med! 

Konsert!
Når me har øvd masse og lært songane kjempegodt, inviterer vi alle vi kjenner til å komme å høyra på oss når me skal ha konsert! Kl. 13.00 på søndagen brakar det laust på Lyngmo. Inviter gjerne naboen også! 

Barnekorleiarar!

Driv du eit barnekor? Ta med deg koret ditt og kom! Her kan du kanskje få idear til ditt kor, lære nye songar og møte andre korleiarar. 
Dess fleire, dess betre! 

PRAKTISK INFO
Leiren startar fredag 10. november kl 18.00 med innkvartering
Leiren sluttar søndag 12. november kl 13.00 med konsert. 

Påmelding: 
Du kan senda e-post til bua@lyngmoinfo.com eller ringe 57 68 43 66

Hugs å få med navn, fødselsår, adresse, mail og evt. ynskje for romkamerat. 

Ver rask, det vert fort fullt! =) 
Velkommen til Lyngmo!

 

Earlier Event: October 21
Takk for songen
Later Event: November 26
Juleverkstad