Back to All Events

PANGSTART


Har du ingen planar for dei aller siste dagane i sommarferien?

BLI MED PÅ PANGSTART 2015 9-13.AUGUST

PANGSTART er ein spanande og annleis leir for deg som er 11-13 år. Leiren er eit samarbeid mellom Lyngmo og trusopplæringa i Luster og Sogndal  Leikanger.


PANGSTART er med hensikt lagt til veka før skulestart, fordi vi veit at mange foreldre då er attende på jobb, medan borna fortsatt har fri. Då kan det vere fint å reise på leir, på Lyngmo!

PANGSTART gir deg nokre flotte, aktive dagar før skulestart, slik at du er klar for ein ny og spennande haust på skulen!

Her er noko av det du kan oppleve

  • Temasamlingar
  • Kreative verkstadgrupper
  • Sykling, bading og padling i kano
  • Andre aktivitetar ute og inne
  • God mat!
  • Gudsteneste (torsdag)
  • Kveldssamlingar med moro og meining!
  • Og mykje, mykje meir!

Kven kan vera med på leiren?

Du som er  fødd i 2002  2003 og 2004, og har lyst å finne nye vener.

Kva kostar leiren?

Leiren kostar kr 800,-

Kva skal du ha med?

Sovepose, laken, toalettsaker, Godt nytt ( eller Bibel / 11 års-Bibel), ute- og innesko, ute- og inneklede, badetøy, god fantasi og godt humør!

Ta med sykkel dersom du har!

Leiren vert avslutta med PANGSLUTT torsdag kl 17, der vi inviterer foreldre og familie til å vere med. Det vert dans, song, biletvisning m.m.

Påmelding

Meld deg på PANGSTART ved å sende ein epost til bua@lyngmoinfo.com,

eller ring 57 68 43 66!

Sjå årets brosjyre her! 

Når du melder deg på, kan du også gje beskjed om det er noko vi treng å vite om deg, eller noko vi skal leggje til rette for at du skal få det kjekt på leir.

Ps. Det kan vere lurt at du melder deg  på så raskt som mogeleg, for det kan bli fullt!

Håpar du kjem!!  Du er velkommen!!!

Helsing 

Rannveig Gunvordal Flatland og alle dei andre leiarane du kjem til å møte på Pangstart 2015!