LEIR PÅ LYNGMO

_S0A0529.jpg

VIL DU BLI MED PÅ LEIR?

Klikk her for å finne informasjon om når neste leir er!

 


LEIR MED FOKUS PÅ JESUS

Hovudgrunnen til at det vart starta leirarbeid på Lyngmo i 1965 var at dei ønska at born og unge skulle få høyre om Jesus. Lyngmo skal vera ein møteplass der deltakarane får muligheit til å utvikle si eiga tru og verta meir kjend med Jesus. Borna skal bli møtt av eit ope og inkluderande miljø i trygge og rusfrie rammer, der me ønskjer å sjå kvar enkelt. Me forventar at deltakarane er med på samlingane, men kvar enkelt bestemmer sjølv om dei ønskjer å ta aktivt del eller ikkje. Den enkelte si tru er ikkje eit krav for å væra med på leirane våre! Me har eit mål om at leirarbeidet skal vera prega av gode opplevelsar og trygge omgivelsar.  

ME YNSKJER Å:

- Sjå og møte den enkelte deltakar

- Servere god mat

- Lage attraktive aktivitetar ute og inne

- Snakke om den kristne trua på ein spanande og interessant måte

ME STILLER KRAV TIL AT: 

- Leiarane som er med på Lyngmo skal legge fram politiattest


Program på leir

Mykje av programmet på leir er fast, medan nokre punkt vil variere med årstidene og etter kva type leir det er. Gjennom ein leir vil deltakarane blant anna kunna få med seg:

- Bibelsamling
- Gruppesamlingar
- Leik og moro
- Kiosk
- Kveldssamlingar
- Fritid
- Kanopadling
- Tur i skibakken
- Misjonssamling
- Konkurransar
- Nye vener


Påmelding OG PRISAR

Trykk her for å melde deg på leir!

Påmelding startar frå og med
2. januar til vinterleirane
2.mai til sommarleirane
10. august til haustleirane